- +

Fagutdanning for vaktmester Publisert: 19.12.2014 11:00

Yrket passar for deg som trivst med praktisk, allsidigt arbeid, er serviceinnstillt, kommuniserer godt med andre og ønsker å komme raskt ut i jobb. Kontakt oss for mer info.

- Yrket passar for deg som trivst med praktisk, allsidigt arbeid, er serviceinnstillt, kommuniserer godt med andre og ønskjer å komme raskt ut i jobb, seier Bente Kjos-Wenjum, opplæringskonsulent i Rytopp. 

 

Suldal og Forsand kommune er først ute med å tilsetje lærlingar i byggdriftarfaget, og Rytopp er det første opplæringskontoret som har godkjenning i lærefaget.

- Det er viktig for oss å ha folk med solid fagutdanning til å drifte kommunale bygg og anlegg, seier Audun Grødem, organisasjonssjef i Forsand kommune. - God byggdrift inneber at bygg og anlegg vert vedlikeholdt på ein fornuftig og kostnadseffektivt måte. I tillegg skal byggdrifteren ha kunnskap om innemiljø, ventilasjon og varme, og halde auge med både klimautslepp og energikostnader.

Suldal kommune er og klar til å ta imot den første lærlingen i byggdrifterfaget. - At vaktmeisteryrket no har fått eigen fagutdanning er eg glad for, seier Tordis-Kristin Tobiassen, løns- og personalsjef i Suldal kommune. - Vi treng rekruttering, og på denne måten kan vi sjølve lære opp nye fagarbeidarar slik at dei kan bli ekspertar på våre anlegg.

Utdanninga som byggdrifter tek fire år og startar med VG1 bygg- og anleggsteknikk. Dei tre siste åra føregår opplæringa som lærling ute i bedrift.

Korleis skal dei gå fram, bedrifter eller dei som ønskjer læreplass som byggdrifter?
- Ring Rytopp. Vi har aktuelle lærebedrifter blant medlemane våre og vi har og kjennskap til aktuelle kandidatar, seier Kjos-Wenjum. 

 

Foto: Per Flakstad (Biletet er henta frå Fagbladet)